torsdag 24. desember 2009

Husk innholdet i pakka..

Var på julekonsert med Hanne Krogh her om dagen. Ei dame med fantastisk stemme og nokre gode visdomsord i blant. Men det var eit spesielt "visdomsord" som klistra seg ekstra godt i meg, og fekk meg til å tenke litt:
"En skal unne seg "innpakningspapiret" rundt jula, så lenge en huske på innholdet!"
Med innpakningspapir meinte ho alt det en gjør i jula; kakebaking, gaver, julemiddag osv. Dette er viktig å unne seg, fordi jula er ei spesiell høgtid. Men eg trur dei fleste gløymer kvifor me eigentleg feirer jul. Det er ikkje for å gi gåve til kvarandre for gøy, men me feirer at Jesus, verdas frelser, vart fødd. Det er innholdet i pakka det!!!!

Det kan faktisk bli ei litt kjip jul viss en bare gje vekk innpakningspapir, eller bare får innpakningspapir. Trur eg hadde blitt temmeleg skuffa hadde eg sete der på julaften. Alle kikker spent på når eg pakkar opp. Eg riv av papiret, men NEI...... NOKON HAR GLØYMT Å LEGGE MED INNHOLDET!!!!!


GOD JUL ALLE SAMMEN..

torsdag 17. desember 2009

Jakten på den gode, gamle julestemninga...

Den siste eksamenen er tatt og bestått, då er det bare å lene seg tilbake å vente på at den store julefølelsen inntek. Eg pakkar saman tingane som eg skal ta med meg frå by-livet, heim til heia. Pakke - og sjokoladekalenderen, og varme klede er det viktigaste eg få med meg. Kikker meg rundt i leiligheta, mangler eg noko no?
Hmm.... Ja.. Julestemninga! Kor er den?
"Jaja, den dukker opp når eg køyrer heimøve." Tenker eg.
Det er snø stort sett heile vegen heim. Skrur julemusikk til topps, så eg speler for alle bygdane eg køyrer gjennom. Men framleis ikkje den gode gammeldagse julestemninga...

No sit eg heime, med ingenting å gjer. Og bare ventar.
"juhu.... KOR ER DU?"

Nei.. hm... Kva skal eg gjere då???
Forslag?

Men, må sjå litt lyst på det. Jul blir det uansett!!!

onsdag 12. august 2009

Trulovnad!

biletet er tatt hjå svigers rett etterpå

Laurdag 08.08.09 tok Espen meg med ut på sjøen for å fri! Det var ikkje heilt overraskande, fordi han er rett og slett fryktelig lett å lese. 

Torsdagen før, fekk eg melding av han at eg skulle med han ut på sjøen til laurdag, og hadde i grunnen ikkje noe val. Han påsto at det var ein gjeng som skulle ut. Men då eg spurde kven som skulle med, og svaret eg fekk "det for du vente se!", skjønte eg kva han hadde planar om.

 Laurdagen kom, eg hadde spydd dagen før og var framleis kvalm, men eg MÅTTE jo med ut på sjøen. Hadde eg ikkje skjønt kva som skulle skje hadde eg aldri blitt med. Men nå blei eg nå det, og me tøffa utøve Søgne-skjærgården. Det var grått vér, og små-yra litt. Men me SKULLE ut. Me køyrde utover mot nokre holmer, og eg berre venta på at me skulle legge til ein eller annan "romantisk" plass. Heilt til me var midt ute på sjøen, i nokre svære bølgar (frå mitt synspunkt jallfall), der slakka han ned båten. Eg blei kjempe stressa, fyrst og fremst fordi eg va redd me skulle tippe over, eller at eg skulle dette utfor båten, eller at eg skulle spy. Mange tankar svirra oppe i hovudet, og der gjekk han ned på kne!!!  Alt blei så vittig, der eg var stressa over sjøen, og han var stressa over det han skulle gjør. Eg berre lo eg. Men nå blei me jallfall forlova og er lukkelege. Og kyrkja er bestilt 16.oktober 2010

måndag 8. juni 2009

ENDELIG!!!


Etter å ha eid et par digitale kamera, og ikke vært så fornøyd med kvaliteten, har jeg endelig fått meg SPEILREFLEKS!! Heilt fantastisk. Bildane blir klare og fine, og av topp kvalitet. Goodbye billige-dritt-digitale-kamera.
 Men om så mange andre deler mi glede, når dei må lide av å konstant vere ufrivillige linselus, er det store spørsmål!? 
I frykt av at de rundt meg ikke ville være med meg lenger, tok jeg i stedet å gikk løs på fjellhagen til mamma. 
Må bare si, svært fornøyd med kvaliteten.


Hilsen hobbyfotografen.

fredag 5. juni 2009

EKRUF

Sidan dette er min blogg, og eg gjer kva eg vil, må eg reklamere litt for Evje Kristelege Ungdomsforeining. Som sekretær i "hovedstyret" er eg med og styrer kva som skjer, og sjølvsagt stiller eg opp. Ein tur på ungdomsforeininga er absolutt til å anbefale. Enten er me på Kraftverket (oppussa kafé i kjelleren på bedehuset), oppe i møtesalen, eller rett og slett ute i Guds frie natur og finn på noe sprell. 

Det neste som skjer no er sommeravslutning 13.juni på Høgås. Her blir det mange gøye aktivitetar. Diverse skyting (leirdue, og på blink) osv. Bli jo knall morro!!!

Men ein ting ein absolutt ikkje bør gå glipp av er BILREBUS i Evje området. Det blir 28.juni!! Dette pleier å vere ein slager, kor båe familie og deltakere i ungdomsforeininga stiller opp. Men det er òg for folk frå andre bygdar, vel og merke i ALLE aldre. Uansett kor du befinner deg i Noregs land vil eg anbefale deg å ta turen til Evje nett denne sundagen. Aktivitetane er både for store og små! Tune inn radioen i bilen på 107,6 så er der nokre "proffe reportarar" som følger heile opplegget. 

Å SOM EG GLER MEG :)

Du kan lese meir om dette på www.ekruf.blogspot.com .

Vil du benytte deg av den gratise meldingstenesten vår? Du skriver "EKANAL EKRUF" og sender til 1963, så får du melding på telefonen din når det skjer noe nytt (enten det er frå Evje ungdomsforeining, Hornnes ungdomsforeining eller KRIK Evje og Hornnes).

HALD DEG OPPDATERT!!!

Ny start!

Rundt kl.11.00 onsdag 3.juni tok eg sommerferie. Då var eg ferdig med min siste eksamen som 1.års student på lærarstudiet. Og etter eit par RedBull (som forresten selges i butikkane i Noreg no) rett før eg skulle legge meg, førte til at eg sitte oppe 2.30 og oppdaterer ein evig gammel blogg. Ja, RedBull er fjortis! Men fjortisen lever i meg ennå.

Nok om det.

No skal eg begi meg utpå det eventyret sommeren vil meg bringe! Eg nyter livet (fram til slutten av juni: jobb!). Både i går og i dag har eg vore på shopping, takka vere ferieløna. Eg har fått oppdatert min sommergarderobe eit bittelite hakk. Har så eg skal greie meg gjennom sommeren jallfall. :) (Sommerens farge er gul.) Dette vert sikkert eit temmeleg uinteressant innlegg. RedBull-fjortisen har tatt over tastaturet!

Eg vil gjerne skrive ein laaaang stil om året som har vore. Men for å gjere det kort og greit, og slik at kanskje noen gidder å lese dette, skriv eg året som har gått i stikkordsform. 

Me begynner i august: ny leilighet, kjekk utleiger, skulestart, nerver, nye venner, noe på gang?
September: lei av forelesning, lei av klassetime, lei av gruppetimer, Simon + Kamilla
Oktober: praksis på Wilds Minne, BREKKESTØ (meg + Espen), Hege + Tor
November: brrr...., vinterdekk, Kamilla + Vegard
Desember: jul, julegåve, familieselskap, samme gamle, Hanne reiste :( 
Januar: fremdeles brrr....
Februar: MAAAASSE snø
Mars: bursda, bursdagspresang, framleis snø, praksis på Grim.
April: himla fin påske, sol og snø.
Mai: sommerdekk, Bergen, bunad
Juni: matte-eksamen (C), norsk litteratur-eksamen, norsk språk-eksamen, SOMMERFERIE! Vaskejobb hos gynokolog?! ICA.

Det va året så langt. Takk for meg og god natt :)